Up next
Full programme →Upcoming programme
Dansefest for barn og ungdom
'Dance party for children and teens'. OsloP's big highlight is when Riksscenen is filled with young dancers and fiddle players on the Saturday. Everyone from 8 years old and up who thinks folk music and folk dancing is fun is welcome! There is free admission, free pizza and the best dance orchestras from Oslo and Viken play for each other and play up to dance.
Susanne Lundeng Polsdans På 100 Minutter
Polsdansen i nord har fått sin renessanse om lag 100 år etter at han nesten gjekk ut av bruk. Alle mannfolk som kunne krype og gå langs kysten, møttest kvar vinter på lofotfiske. Dette vart óg den viktigaste møteplassen for å fiske opp nye slåttar og få nye musikalske impulsar.
Runnom for nørds
OSLOP. Runnom! Den korte og energiske dansen og musikken som kjem på ei rekkje som upolerte perler på ei snor. Runnomen har fenga unge og gamle gjennom fleire hundre år i Trysil og Engerdal, og no blir det samling for danse- og musikknørds som har lyst til å oppleve og prøve seg på runnom på OsloP. Inga Myhr og Sigrid Stubsveen er dei fremste unge utøvarane innanfor runnomtradisjonen, Inga innan dans og Sigrid innan spel. Dei brenn for denne tradisjonen - Dei knudrete melodiane og dei små detaljane, i finurleg rytmikk, i dei ulike stilane hos ulike utøvarar og i samspelet mellom dansen og musikken! Velkommen! Obs, begrensa plassar!
Styggevisekurs med Ingrid Storlimo
OSLOP. Ikkje for sarte sjeler! Folk var drøye i kjeften før i tida òg, og dette får vi lære i praksis på styggvisekurset med Ingrid Storlimo. Dette er ikkje ein konsert, og aktiv deltaking er eit krav. Til gjengjeld kan vi love eit utvida ordforråd, høge latterbrøl og god stemning!