Friday 05.03.27 at 20:00

DOBBELT PLATESLIPP: MASKROS & SLUPPEN GRAFOKORDLAG

Maskros og Sluppen Grafokordlag inviterer til dobbelt plateslepp 

Maskros er ein trio med røter i norsk folkemusikk som spelar tradisjonsmusikk frå aust og vest, ispeidd eigne melodiar og impulsar frå dei siste 900 åra. Song og feler som einaste instrument skapar eit lyst og gjennomsiktig uttrykk. Dei vert inspirerte av naturlydar, korklangar, klassisk kammermusikk og poesi. Trioen har spelt saman sidan 2018 og kjem endelig ut med debutplata «Den vetla jento» i 2027. 

Besetning: 
Ida Johanne Wahl (song) 
Frida Drevland Tømmerberg (fele og song) 
Tiril Eirunn Einarsdotter (fele og song)."

Sluppen Grafokordlag er eit alternativ folk-band, med eitt bein solid planta i
tradisjonsmusikken frå Trøndelag og på Nordmøre, og eitt med tærne dyppa i alt frå
grunge til visepopp. Bandet kombinerer slåttar, salmetonar, sjølvskriv og skråblikk i
eit leikent uttrykk.
 
Musikarane har til saman bakgrunn frå jazz, folkemusikk, kyrkjemusikk og punkrock
og byr på nye og nygamle låtar i kryssingspunkta mellom tradisjon og ein oppvekst i
meir eller mindre urbane strok på seint 90-tal.
 
Besetning:
Ellie Aurora Mäkelä (bratsj, tangentar)
Erlend Haseth (gitar)
Ragnhild Nelvik Bruseth (bass)
Frank Hannasvik (trommar)
Runa Kvalsund (vokal, banjo)

Foto: Sofie Søndervik Sæther

SLUPPEN GRAFOKORDLAG er eit alternativ folk-band, med eitt bein solid planta i tradisjonsmusikken frå Trøndelag og på Nordmøre, og eitt med tærne dyppa i alt frå grunge til visepopp. Bandet kombinerer slåttar, salmetonar, sjølvskriv og skråblikk i eit leikent uttrykk.

SLUPPEN GRAFOKORDLAG er eit alternativ folk-band, med eitt bein solid planta i tradisjonsmusikken frå Trøndelag og på Nordmøre, og eitt med tærne dyppa i alt frå grunge til visepopp. Bandet kombinerer slåttar, salmetonar, sjølvskriv og skråblikk i eit leikent uttrykk.

Musikarane har til saman bakgrunn frå jazz, folkemusikk, kyrkjemusikk og punkrock og byr på nye og nygamle låtar i kryssingspunkta mellom tradisjon og ein oppvekst i meir eller mindre urbane strok på seint 90-tal.