Festivalen er leia av folkemusikkstudentar frå Noregs musikkhøgskole og har blitt eit årleg arrangement for nye og gamle folkemusikkinteresserte.

Med låg snittalder på scena og ein høg andel studentar er du som publikummar garantert å oppdage ny og spennande musikk. Samstundes vil nokre veletablerte artistar også dukke opp.

Det blir konsertar, jam, dans og fest – så hald av kveldane, og finn fram danseskoa og instrument!
Friday 27.11.26

Ljøsbått 27. og 28. november

Ljøsblått er folkemusikkstudentane ved NMHs heilt eigne musikkfestival, og har blitt eit årleg arrangement for nye og gamle folkemusikk-interesserte. For andre året på rad er me så heldige og får arrangere den på Riksscena!

"Vil du høyre kva som rører seg i ungt folkemusikkliv? Kom på Ljøsblått!

I løpet av to kveldar vil de få servert ny og gamal musikk frå unge artistar, med mange ulike uttrykk. Me kan alt avsløre at de vil få kunne høyre solo hardingfele, slåttespel på gitar, både norsk og svensk visesong, vokaltrio, afrobeat-boyband og alt imellom!

Dagtid vert det kurs, og kveldstid vert det konsertar, jam, dans og fest – så hald av kveldane, og ta med instrument og dansesko!

Fullt program annonserast fortløpande her, 

og me anbefaler å fylje med på Ljøsblåtts SoMe-kanalar: instagram: @ljosblatt , Facebook