Kommende arrangementer
Hele programmet →Kommer snart
Dansefest for barn og ungdom
OsloP sitt store høgdepunkt er når Riksscenen blir fylt opp med unge dansarar og felespelarar på laurdagen. Alle frå 8 år og oppover som tykkjer at folkemusikk og folkedans er gøy er velkomne! Det er gratis inngang, gratis pizza og dei beste danseorkestra frå Oslo og Viken spelar for kvarandre og spelar opp til dans.
Susanne Lundeng Polsdans På 100 Minutter
OSLOP. Polsdansen i nord har fått sin renessanse om lag 100 år etter at han nesten gjekk ut av bruk. Alle mannfolk som kunne krype og gå langs kysten, møttest kvar vinter på lofotfiske. Dette vart óg den viktigaste møteplassen for å fiske opp nye slåttar og få nye musikalske impulsar.
Runnom for nørds
OSLOP. Runnom! Den korte og energiske dansen og musikken som kjem på ei rekkje som upolerte perler på ei snor. Runnomen har fenga unge og gamle gjennom fleire hundre år i Trysil og Engerdal, og no blir det samling for danse- og musikknørds som har lyst til å oppleve og prøve seg på runnom på OsloP.
Styggevisekurs med Ingrid Storlimo
OSLOP. Ikkje for sarte sjeler! Folk var drøye i kjeften før i tida òg, og dette får vi lære i praksis på styggvisekurset med Ingrid Storlimo. Dette er ikkje ein konsert, og aktiv deltaking er eit krav. Til gjengjeld kan vi love eit utvida ordforråd, høge latterbrøl og god stemning!