11:00 Nytt dansestudium på USN Rauland
Endelig har vi fått på plass eit etterlengta studium i folkedans og det vil starte opp allereie hausten 2024.
Studiet er utvikla i tett samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans, samt fleire av dei mest aktive folkedansekompania i Noreg. Men, kva er eigentleg profilen på studiet? Og kva kan eit slikt utdanningstilbod ha å seie for folkedansen i landet vårt? Kan ein eigentleg leve som folkedansar?
12:00 På scenen med dansearkivet
Dei siste åra har det kome fleire flotte folkedansproduksjonar med bruk av arkivfilmar av dans på scena. I denne sesjonen får vi møte fleire dansarar som har gjort dette på ulike vis. Vi får presentasjoner frå ulike forestillingar og ein panelsamtale med rom for spørsmål frå salen.
Medverkande: Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Anna Bjørk, Inga Myhr, Sigrid Subsveen og Elizabeth Svarstad
13:45 Søknader, søknader, søknader!
Arbeider du med folkedans som yrke og ønsker å skape store og små forestillinger - eller driver du med lagsarbeid og rekrutteringsprosjekt: Søknader er uansett en stor del av hverdagen! I denne bolken møter du folk som arbeider daglig med søknadsskriving eller søknadsbehandling. Vi spør om Kulturrådets ordninger er åpne for folkedansen på folkedansens premisser? Hvordan beskriver man de gode idéene slik at de når fram i prioriteringen? Og hva skal til for å få tilslag på de store midlene?
Medvirkende: Kulturrådets sekretariat, Sigurd Johan Heide, Rannveig Øygardslia, Andreas Ljones
14:30, Riksscenen
Norske Dansekunstnere
Norske Dansekunstnere er eit uavhengig fag- og kunstnarforbund, som samlar dansekunstnarar på tvers av tradisjonar, stilar og sjangre. NoDa arbeider for å sikre og utvikle leve- og arbeidskår for dei som skapar, utøver og underviser i dansekunst.”
15:00 Danse mi dokke, springe min hest
Her får vi eit utdrag av forestillinga om dei mystiske dansedokkane til Berit på Pynten som skal ha premiere i vår. Når Berit speler på langeleiken sin, byrjar både små og store dokker, og danse. Er det magi i musikken som vekker dei til live? Og er det noko moro å vere ei dansedokke som kun kan danse når ei annan bestemmer det?
Ingrid Lingaas Fossum - langeleik, dans, song
Brigitte Blomlie - dans, song
Tuva Færden - dans, kraviklyre, song
Silje Risdal Liahagen - regikonsulent
15:30 Arbeidstittel: Stillstand
"I dette rommet er det stor sjanse for keisemd og lite tolmod. Her er tida annleis, eller er den det? I dette rommet finns noko rastlaust, for i stillstand får ikkje utvikling plass. Å være så til stades i sitt eige at ein ikkje er til stades i rommet – så flytande til stades at ein kan lure på om ein er, i det heile teke, er det stillstand? Og er stillstand vegen til å vere tilstades her og no, eller er det ein omveg, veg til noko anna?"
Av og med Anita Vika Langødegård
16:00 Arkivdansekonsert Gol
Hallingspringaren vart utsett for ein kraftig standardiseringsprosess i mellomkrigsåra, og den nye “kursforma” fekk høgare status gjennom kappleikar - noko som gjorde at mykje av mangfaldet i springartradisjonen vart gøymt og gløymt. Gjennom arbeid med arkivopptak skal no fem unge utøvarar frå Gol hente fram att turar og tak som har gått i gløymeboka, og presentere det dei finn i ein Arkivdansekonsert med fokus på tradisjonen frå Gol. Forestillingen er produsert av Hallingdal Museum.
Åsmund Jøtun Fauske
Vebjørn Jøtun Fauske
Andrea Søgnen
Lars Fivelstad Smaaberg
Silje Risdal Liahagen