ei forestilling av og med Signe Dortea Gjessing og Nina Fjeldet
Sotnabeaivi 22.11.26 kl. 15:30

Shuffle Serenade

Når du vakner og den fyrste tanken er ein melodi. Når den elektriske tannbørsten er stemt i E og hårfønaren går i hallingtakt. Når trappa blir eit dansestudio og bussturen ein undertrykt musikal. Når konsentrasjonen går i utakt og kjærleiken i moll. Da kan det være godt å vite, at vi er fleire som har det slik.

Shuffle Serenade er ei forestilling av og med Signe Dortea Gjessing og Nina Fjeldet.

Framsyninga er laga for unge vaksne 13-18 år, men passer også for dei som har levd noko lenger.