Eivind Groven 125 år
Foto: Runhild Heggem / Riksscena
Foto: Runhild Heggem / Riksscena
Den 8. oktober 2026 var det 125 år sidan Eivind Groven vart født. Og det vart feira med både konsert og dans på Folk på Torsdag.
Silje Hegg og Øyonn Groven Myhren spelte på seljefløyte og song. Og etterpå kom hardingfelene fram. Alf Tveit og Stein Versto spelte opp til dans med slåttar etter Eivind Groven.
Aud ManheimDet var mange flotte utøvarar på ein kveld. Nydeleg konsert.
Ein fullsatt klubbscene fekk oppleve ein vakker kveld med nydeleg musikk. Gjennom denne flotte kvelden fekk oppmøtte denne kvelden eit lite innblikk i det store tradisjonsmateriale etter Eivind Groven. Han samla inn nesten 2000 slåttar og viser, kunne barnebarnet Øyonn Groven Myhren fortelje.
I tillegg til å vere innsamlar, spelte han også hardingfele og seljefløyte, komponerte, konstruerte orgler og la grunnlaget for NRK sitt folkemusikkarkiv. Mange kjenner kanskje til Hardingfeletrioen som Eivind Groven starta saman med Sigbjørn Bernhoft Osa og Alfred Maurstad.
Lene FuruliEin veldig flott kveld, lærerikt, interessant og underholdende!
Om du vil lese meir om Eivind Groven, så har Ballade skreve fleire artikler om Eivind Groven gjennom åra, mellom anna:
Foto: Runhild Heggem / Riksscena
Foto: Runhild Heggem / Riksscena