Den største hemmelegheita skulle vere den best bevarte. Skammen over det som skjedde fekk vekse villt. Men inni ropar noko som vil ut. Ein kakofoni av stemmer. Noko som har vore stengt inne altfor lenge. Eit sinne som ikkje finn ord, ei sorg over det som aldri vart. Fasada er i oppløysing. Sprekkane slår djupt.
I Taus får publikum tre inn i eit indre arbeid i korleis konsekvensar av overgrep lev vidare i kroppen. Kva skjer eigentleg med eit menneske, når sjølve fundamentet for tilknytning er øydelagt? På leiting etter ein måte å leve vidare, opnar det seg rom der det som ein gong vart stengt inne, får sleppe fram. Ein får bli med inn i dei inste avkrokane, der det blir kasta lys over det som ikkje får ord, men som likevel finst. Taus er ei framsyning om det som ikkje let seg seie så lett, men som likevel formar eit menneske. Av det som lever vidare i kroppen og av det som kan tre fram når noko får sleppe til.
Så står dei der.
Ser på kvarandre.
Ser inn i kvarandre.
Er kvarandre.
Er det deg eg har leita etter?
- Produsert av Mamelukk med Førdefestivalen, Riksscenen og Sprang som co-produsentar,
- Støtta av: Kulturdirektoratet, Fritt Ord, Valdresmusea