Lørdag 13.09.25 kl. 13:00

Polsverkstad

Anten du har dansa pols lenge eller berre ei lita stund, har du truleg kjent på spørsmål du aldri har fått stilt! Då er dette danseverkstaden perfekt for deg!   ⁃ Kvifor kjennest polsdansen fantastisk ut med ein partnar, men hakkete eller kronglut med ein annan? ⁃ Korleis kan eg best

Anten du har dansa pols lenge eller berre ei lita stund, har du truleg kjent på spørsmål du aldri har fått stilt! Då er dette danseverkstaden perfekt for deg!

 

⁃ Kvifor kjennest polsdansen fantastisk ut med ein partnar, men hakkete eller kronglut med ein annan?
⁃ Korleis kan eg best breske meg i polsdansen?
⁃ Har du nokon pols-sjekketriks?
⁃ Kvifor dansar ein to ulike rundsnurrar i rørospolsen?
⁃ Korleis unngå å bli overkøyrd når ein dansar med ein stooor partnar?
⁃ Dansepartnaren er full, eg orkar ikkje meir – kva gjer ein (og korleis kjem ein seg ut av situasjonen)?

 

Velkomen til dansegolvet – vi dansar fram svara på dei spørsmåla som dukkar opp!

Arrangementet er ein del av polsfestivalen OsloP.  Heile programmet finn du her


Kveldens orakel er Vegar Vårdal, og ho som set i gang undringa er Helen Engelstad Kvalem.

Polsverkstaden arrangerast i samarbeid med Balansekunst.  www.balansekunst.no