Erling Kjøk hadde ei uvanleg stor slåttekunne og ein særmerkt spelstil. I boka Ei spelmannsoge frå 1995 kan ein lesa seg opp på persongalleriet både før og i Kjøk si spelmannstid. Kjorstad har plukka ut nokre av slåttane frå gullgruva, og spelar desse på fele, oktavfele og langeleik.
Rasmus Kjorstad frå Fron i Gudbrandsdalen har dei siste åra markert seg gjennom ei rekkje musikalske samarbeid, mellom anna Kjorstad brothers, Reolô og Morgonrode. Samstundes har han også vore ein markant og framifrå soloutøvar, noko sigeren i A-klassa på fele frå Landskappleiken 2026 er prov på!
Vel møtt til plateslepp for Spelstund II!