Treak er eit folkemusikalsk songprosjekt med fokus på trestemt og solistisk song, dels med følgje av langeleik og lyre. Det er eit mangfaldig repertoar av slåttetralling og viser som her får nytt liv gjennom landets beste folkesongarar. Musikken er henta frå songtradisjonen i Øystre Slidre der alle tre har røter, og er arrangert av utøvarane sjølve. Ingeborg Onstad er for tida på NMH og har motteke åtgaum for fleire prosjekt den siste tida, mellom anna duoen ho har saman med Elias Wallumrød. Ingrid Lingaas Fossum vart "Årets Folkemusiker 2025" for sitt virke på m.a. langeleik, og Marit Karlberg er vel kjend for dei fleste gjennom duoen Sudan Dudan!