BRITT PERNILLE FRØHOLM: Folkemusikken og forteljingane

Til denne framsyninga har Marianne Clementine Håheim skrive nye biografiske og poetiske forteljingar om Ola og Ivar Kjelstad, Anders Reed og Moses Paulen. I poesikonserten "Folkemusikken og forteljingane" les forfattaren tekstane i ei veksling med Britt Pernille Frøholm sitt slåttespel etter dei same spelemennene.


Til denne framsyninga har Marianne Clementine Håheim skrive nye biografiske og poetiske forteljingar om Ola og Ivar Kjelstad, Anders Reed og Moses Paulen. I poesikonserten "Folkemusikken og forteljingane" les forfattaren tekstane i ei veksling med Britt Pernille Frøholm sitt slåttespel etter dei same spelemennene. I tillegg er framsyninga bygd opp med autentiske foto som vert viste på lerret undervegs i konserten. 

Marianne og Britt Pernille laga programmet til folkemusikkfestivalen i Førde i 2021 i samarbeid  og på initiativ frå Rom for ord. Dei litterære tekstane Marianne har skrive, gjer at spelemennene blir levande for lyttarane - med sine liv, draumar og kvardagar, slik dei hadde det, eller kan ha hatt det. 

Ho søker seg fram til dei med ein prøvande, spørjande tone - Korleis var det å gå gjennom livet med ei så sterk skapande åre slik vilkåra var då? 
Idun Losnegård ved teater Vestland har hatt regien for framsyninga. Ho har skapt ein dramaturgi som blir verande i ei form der den gode forteljinga og slåttespelet avløyser kvarandre på ein måte som gir ro og nærheit til historia og musikken. 

 

Britt Pernille Frøholm – hardingfele
Marianne Clementine Håheim – tekster