I 2001 vart diktsyklusen Nivelkinn av Aslaug Vaa tonesett av Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga. Urframføringa vart festa til opptak, gjeven ut på Heilo, vann Spellemannprisen og står som eit ikonisk verk i norsk folkemusikksamanheng den dag i dag.
25 år etter urframføringa kjem Nivelkinn på scena att, denne gong tolka av trioen Ævestaden. Det er Litteraturdagane i Vinje, med Odd Nordstoga sjølv på laget, som har teke initiativ til at nettopp Ævestaden skal ta over stafettpinnen. Ævestaden er kjende for å blande tradisjonsmusikk med moderne elektroniske element, og deira tolking av Nivelkinn lovar å føre Vaa sin lyrikk, og musikken til Odd og Øyonn, inn i ei ny tid.